JanB wrote:På bildet av svingen ser vi at veldig tidlig har du fullført vekt inn i ballen. Det bety at ved impact har du ikke mer kraft igjen. Vent med kraften inn i ballen til noe senere. Hold hodet bak ballen og henda forand. Skru igjennom med hofta som er motor nr 1.
http://www.youtube.com/watch?v=m_eHFH8b ... r_embedded
Kortare baksving og meir fart på armane er noko eg må jobbe med. Å roe ned hoftene har eg prøvd, det er håplaust.
![Razz :P](./images/smilies/icon_razz.gif)
Hoftene prøver eg berre å få framover, rotasjonen kjem av seg sjølv. Høgre fot/kne er og eit problem, det går framover og er med på å rotere hoftene for tidleg.
Her prøver eg ein drill der svingtanken er å halde høgre fot på bakken heile tida. Eg vil sjølvsagt ikkje svinge sånn, høgre fot skal rulle innover circa når eg treff ballen, men du ser kor mykje betre treffposisjonen ser ut. Flippinga er der framleis, men hoftene roterer ikkje like fort. Eg må berre ta ein ting om gongen og bruke den tida som trengs.
JanB wrote:For å kommentere mciljoy sin sving her fra iPhone:
Se på høyre ben etter impact. Du ser at den kommer "slengende" etter og opp i riktig posisjon. Det betyr at du ikke har utnyttet hoftene dine. Du er ung og spenstig og burde gjøre mer fart i hoftene. Dermed vil jeg se en raskere rotasjon også med høyrebenet.
Dette forteller bare at du har masse mer inne og kan utnytte din vidunderlige mykhet enda mer.
Den er eg ikkje enig i. Om noko kunne høgre fot vore meir passiv og latt den rulle innover i staden for at kneet knekker mot ballen. Du skal ikkje bruke høgre fot som motor for å rotere hoftene. Hoftene er i ein ganske fin posisjon når han treff ballen og rytmen ser bra ut.
mciljoy wrote:Det med hofterotasjonen er nok et godt poeng. Sliter litt med at jeg sklir for mye til venstre på toppen av baksvingen, noe som fører til at mitt typiske feilslag er en blokk ut høyre. Skal prøve neste gang på range
![Smile :-)](./images/smilies/icon_e_smile.gif)
Sklir du til venstre med hovudet og overkroppen eller hoftene? Hovudet kan godt halde seg sentrert midt i stancen heile veien gjennom svingen, men hoftene må framover for å få vekta mest mogeleg over på venstre fot. Skal ein aktivt rotere hoftene kjappare må timingen være god nok til at du ikkje risikerer å bli for sein. Kor langt slår du eit 6-jern og driveren, og har du målt svinghastigheten din? Ser ut som du har ganske god hastighet inn i ballen. Vanskeleg å vurdere med kun video frå den vinkelen.